Friidrettsgruppa arrangerer kvart år terrengløpet Skiferrunda. Løpet vert arrangert kvar fredag frå slutten av mai ut juni, samt frå skulestart og ut september. Start og mål ved Trudvang skyttarbane. Løypelengder 2,3 og 7 km. Deltaginga er gratis uansett klubbtilhøyrigheit. Du kan springe med eller utan tidtaking, og det er saft og frukt etter løpet.



















Rogne IL har eiga friidrettsgruppe som er medlem av Norges friidrettsforbund. For tida er det ikkje noko eige styre i friidrettsgruppa. Gruppa vert difor drifta frå hovudstyret.

Vi har løpebane med tartandekke og startblokker på Rogne idrettsarena , lengde 60 m og 100 m . På idrettsarenaen er det også lengdegrop og mogelegheiter for å trene høgdehopp.